[HEIM]

Glade jol, heilage jol

Glade jol, heilage jol!
Englar kjem frå Guds kongestol.
Blomar ber dei frå Paradis,
fint og fagert dei syng Guds pris.
|: Løynleg i kring oss dei gjeng. :|

Jolebod, gledeleg bod
tonar til oss med himmelljod,
song av englar som hyrdingar såg
den gong Jesus i krubba låg.
|: Songen av englar er sæl. :|

Fred på jord, frygd på jord!
Jesusbarnet det er vår bror.
Englar syng om hans herlegdom,
han hev reidt oss i himmelen rom.
|: Songen av englar er sæl. :|

Sæle fred, himmelsk fred,
jolekvelden til jord kom ned.
Englar syng om den fred dei såg,
syng um han som i krubba låg.
|: Gled deg, kvar sjel han hev frelst! :|

Bernhard Ingemann, oms. Bernt Støylen


Denne sida vart sist endra 17.12.2004.

HTML-utforming ved Herman Ranes. Dersom du hev merknader eller framlegg til endringar, kann du senda e-post åt <herman.ranes@hist.no>.